LibreOffice 7.1 Hjelp
Vel eigenskapane for objektet, biletet eller ramma som er vald.
Viser namnet til det valde elementet og eventuelle lenkjer knytt til det.
Skriv inn eit namn for det valde elementet.
Du bør gje objekt, bilete og rammer eit meiningsfullt namn slik at det vert enklare å finna dei igjen i store dokument.
Skriv inn teksten som skal visast i ein nettlesar når det valde elementet er utilgjengeleg. Alternativ tekst vert også brukt som eit hjelpemiddel for folk med funksjonshemmingar.
Vis elementet (objektet, biletet eller ramma) som kjem før dette elementet i ei lenkja rekkjefølgje. For å leggja til eller endra den førre lenkja, vel du eit namn frå lista. Dersom du lenkjer rammer, må den gjeldande ramma og målramma vera tomme.
Vis elementet (objektet, biletet eller ramma) som kjem etter dette elementet i ei lenkja rekkjefølgje. For å leggja til eller endra den neste lenkja, vel du eit namn frå lista. Målramma må vere tom dersom du lenkjer rammer.
Vert brukt for å setja opp alternativ for vern for det valde elementet.
Hindrar at innhaldet i det valde elementet vert endra.
Du kan framleis kopiera innhaldet i det valde elementet.
LÃ¥ser plasseringa av det valde elementet i det gjeldande dokumentet.
Låser storleiken på det valde elementet.
Vert brukt for å setja opp utskrifts- og tekstinnstillingane for det valde elementet.
Gjer at du kan redigera innhaldet i ei ramme i eit dokument som er skriveverna.
Ta det valde elementet med i utskrifta.
Viser retning for tekstflyten i ei ramme. Vel Bruk overstyrande objektinnstillingar frå lista om du vil bruka tekstflytinnstillingane som er standard for sida.
Bestemmer den loddrette justeringa av innhaldet i ramma. Som oftast er dette tekstinnhald, men justeringa påverkar også tabellar og andre objekt som er forankra til tekstområdet som teikn, til teikn eller til avsnitt. Dette kan for eksempel vera rammer, bilete eller teikningar.