Dokument

Felt vert brukte til Ă„ setja inn informasjon om det gjeldande dokumentet, for eksempel filnamn, mal, statistikk, brukarinformasjon, dato og klokkeslett.

For Ă„ bruka denne funksjonen 


Vel fana Set inn → Felt → Fleire felt → Dokument


Type

Listar ut dei tilgjengelege felttypane. For Ä leggja til felt i dokumentet, klikk pÄ eit felt i lista vel og klikk sÄ pÄ Set inn. Desse felta er tilgjengelege:

Type

Tyding

Forfattar

Namnet eller initialane til den gjeldande brukaren (slik det er skrive inn i → LibreOffice → Brukardata).

Kapittel

Set inn kapittelnummeret og/eller kapittelnamnet.

Dato

Set inn gjeldande dato. Du kan setja inn datoen som eit fast felt – Dato (fast) – som ikkje vert endra, eller som eit dynamisk felt – Dato – som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatera feltet Dato manuelt ved Ă„ trykkja F9.

Filnamn

Set inn filnamnet og/eller stien til mappa til det gjeldande dokumentet saman med filnamnet utan filetternamn.

Side

Set inn sidetalet til den gjeldande, fĂžrre eller neste sida i dokumentet.

Avsnittsignatur

Set inn eit metadatafelt med ein signatur for avsnittet. Du mÄ ha ein digital signatur for Ä signera eit avsnitt.

Sendar

Set inn felt som inneheld brukardata. Du kan endra den viste brukarinformasjonen ved Ă„ velja → LibreOffice → Brukarinformasjon.

Statistikk

Set inn dokumentstatistikk, som teljing av sider og ord, som eit felt. Vel Fil → Eigebskapar og fana Statistikkar for Ă„ sjĂ„ statistikkane.

Malar

Set inn filnamnet, stien eller filnamnet utan filutvidingane til den gjeldande malen. Du kan ogsÄ setja inn namnet pÄ den «kategorien» og «stilen» som malen brukar.

Klokkeslett

Set inn det gjeldande klokkeslettet. Du kan setja inn klokkeslettet som eit fast felt − Klokkeslett (fast) − som ikkje vert endra eller som eit dynamisk felt − Klokkeslett − som vert oppdatert automatisk. Du kan oppdatera feltet Klokkeslett manuelt ved Ă„ trykkja F9.


note

Feltet nedanfor kan berre setjast inn viss den tilsvarande felttypen er vald i lista Type.


Vel

Listar ut dei tilgjengelege felta for felttypen vald i type-lista. Du set inn eit felt ved Ä klikka pÄ det og deretter klikka pÄ Set inn.

tip

Du kan raskt setja inn eit felt frÄ lista Vel ved Ä dobbeltklikka pÄ feltet.


Format

Klikk pÄ formatet du vil bruka pÄ det valde feltet eller klikk pÄ «Tilleggsformat» for Ä laga eit sjÞlvdefinert format.

NÄr du trykkjer «Fleire format», vert dialogvindaugetTalformat opna slik at du kan laga eit sjÞlvvald format.

Viss du vel «Kapittelnummer utan skiljeteikn» for eit kapittelfelt, vert dei skiljeteikna som er oppgjevne for kapittelnummer i VerktĂžy → Kapittel-nummerering ikkje viste.

Viss du vel «Kapittelnummer» som format for referansefelt, vil feltet berre visa nummeret til kapitteloverskrifta som inneheld objektet det vert vist til. Viss avsnittsstilen for kapitteloverskrifta ikkje er nummerert, vil feltet vera tomt.

note

Ved HTML-eksport og import av dato- og klokkeslettfelt, vert spesielle LibreOffice-format brukt.


Fast innhald

Set inn feltet som statisk innhald. Dette betyr at feltet ikkje kan oppdaterast.

NivÄ

Skriv inn disposisjonsnivÄet for det kapittelet som skal visast. Det innsette feltet vil visa ein verdi som er henta frÄ det siste avsnittet med det gjevne disposisjonsnivÄet fÞr det innsette feltet.

Forskyving

Skriv inn forskyvinga for sidenummerfeltet, for eksempel «+1».

Viss du Ăžnskjer det, kan du skriva inn ei forskyving for sidetalet som vert vist. Skriv du inn verdien 1 for forskyving, vil feltet vise eit tal som er lik gjeldande sidenummer pluss 1. Dette gjeld berre viss sida finst. I den siste sida i dokumentet vil dette feltet vera tomt.

tip

Viss du vil endra det faktiske sidetalet og ikkje sidetalet som vert vist, mÄ du ikkje bruka verdien Forskyving til dette. Du bÞr heller endra sidetal slik det vert forklart i rettleiinga om Sidetal.


Forskyving i dagar/minutt

Skriv inn forskyvinga du vil bruka i eit dato- eller klokkeslettfelt.