LibreOffice 7.2 Hjelp
Vel innstillingar for kantlinjene til valde objekt i Writer eller Calc.
I Writer og Calc kan du bestemma plasseringa, storleiken og stilen for kanten. I LibreOffice Writer kan du leggja kantar til sider, rammer, bilete, tabellar, avsnitt, teikn og til innebygde objekt.
For å endra kantlinjene til ein heil tabell, kan du setja skrivemerket i ei tabellcelle, høgreklikka, velja Tabell og gå til fana Kantlinjer. For å endra kantlinjene til ei tabellcelle, kan du velja cella, høgreklikka, velja Tabell og gå til fana Kantlinjer.
Vel ein førehandsdefinert kantstil.
Viss du er i ein tabell eller eit rekneark, kan du òg leggja til eller fjerna førehandsgjevne kantlinjer. Bruk Kantlinjer-knappen på Tabellinja til dette.
Vel kantlinjestilen du vil bruka. Stilen vert brukt på kantlinjene som er valde i førehandsvisinga.
Vel kva farge som du vil bruka på dei valde kantlinjene.
Vel kor stor avstand det skal vera mellom kanten og innhaldet i utvalet.
Vel kor stor avstanden mellom venstre marg og innhaldet i utvalet skal vera.
Vel kor stor avstanden mellom høgre marg og innhaldet i utvalet skal vera.
Vel kor stor avstanden mellom toppmargen og innhaldet i utvalet skal vera.
Vel kor stor avstanden skal vera mellom botnmargen og innhaldet i utvalet.
Brukar same avstand frå innhaldet til alle fire kantane når du skriv inn ein ny avstand.
Du kan òg bruka ein skuggeeffekt på rammer. For best resultat bør du berre bruka denne effekten når alle fire kantlinjene er synlege.
Bilete eller objekt som er forankra til ei ramme i dokumentet, kan ikkje overstiga storleiken av ramma. Viss du brukar ein skugge på kantlinjene til eit objekt som fyller ei heil ramme, vert objektet gjort mindre slik at skuggane vert viste.
Klikk på ein skuggestil for dei merkte kantane.
Vel kor brei skuggen skal vera.
Vel kva farge skuggen skal ha.
Vel eigenskapane for dei valde avsnitta.
Flettar kantlinjestilen og skuggestilen i avsnittet med neste avsnitt. Desse stilane vert berre fletta dersom innrykk, kantlinjer og skuggestil i neste avsnitt er dei same som i dette. Denne innstillinga er òg tilgjengeleg for avsnittsstilar.
Fletter saman to ulike kantstilar for celler som ligg inntil kvarandre i ein Writer-tabell til ein kantstil. Dette valet gjeld for ein heil tabell i eit Writer-dokument.
Reglane kan forenklast til at den sterkaste attributten vinn. Viss for eksempel ei celle har raud kantlinje som er to punkt brei, og den tilstøytande cella har blå kantlinje som er tre punkt brei, vil den kanten som er felles mellom cellene verta blå og tre punkt brei.