LibreOffice 7.2 Hjelp
Tabellinja inneheld funksjonar for arbeid med tabellar. Linja vert vist når du flyttar skrivemerket til ein tabell.
Set inn ein tabell i dokumentet. Du kan òg trykkja på pila, dra med musa for å velja talet på rader og kolonnar i tabellen og så trykkja i den siste cella.
Trykk på knappen Kantlinjefarge for å opna verktøylinja for kantlinjefarge, som let deg endra kantlinjefargen på eit objekt.
Trykk på knappen Kantlinjer for å opna verktøylinja for kantlinjer. Der kan du endra kantlinjene til eit ark eller objekt.
Trykk for å opna ei verktøylinje der du kan velja ein bakgrunnsfarge for eit avsnitt. Fargen kan setjast inn i det gjeldande avsnittet eller i merkte avsnitt.
Deler cella eller cellegruppa vassrett eller loddrett i så mange celler som du skriv inn.
Opnar ei verktøylinje som inneheld funksjonar for å optimere rader og kolonnar i tabellar.
Set inn éi eller fleire rader i tabellen under skrivemerket. Du kan setja inn fleire enn éi rad ved å opna det tilhøyrande dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Rader) eller ved å velja fleire enn éi rad før du trykkjer på ikonet. Med den andre metoden får dei nye radene same høgd som dei radene du valde.
Set inn éin eller fleire kolonnar i tabellen etter markeringa. Du kan setja inn fleire kolonnar samtidig ved å opna dialogvindauget (vel Tabell → Set inn → Kolonnar) eller ved å velja fleire kolonnar før du trykkjer på ikonet. Med den siste metoden får dei nye kolonnane same relative breidd som dei kolonnane du valde.
Viser eigenskapane til den valde tabellen, for eksempels namn, justering, avstand, kolonnebreidd, kantlinjer og bakgrunn.
Sorterer dei valde avsnitta eller tabellradene alfabetisk eller numerisk. Du kan velja opptil tre sorteringsnøklar og i tillegg kombinera sortering med tal og bokstavar.
Slå på sum-funksjonen. Merk at skrivemerket må vera i cella der du vil at summen skal dukka opp.