LibreOffice 7.3 Hjelp
Verktøylinja for skjemautforming vert vist så snart du vel eit skjemaobjekt medan du arbeider i utformingsmodus.
Med denne knappen byter du til og frå valmodusen, der du kan velja kontrollelement i skjemaet.
Slår utformingsmodus av og på. Denne funskajonen vert brukt for raskt å kunna velja mellom Utforming- og brukarmodus. Slå på for å redigera kontrollelementa i skjemaet, slå av for å bruka kontrollelementa.
Opnar eit dialogvindauge der du kan redigera eigenskapane for eit merkt kontrollelement.
I dette dialogvindauget kan du mellom anna velja datakjelde og hendingar for heile skjemaet..
Opnar dialogvindauget for skjemastruktur. Vindauget viser alle skjema og underskjema i dokumentet saman med dei kontrollelementa som høyrer til.
Opens the Tab Order dialog so you can modify the order in which control fields get the focus when the user presses the tab key.
Viss automatisk fokuskontroll er slått på vert det første kontrollelementet vald når du opnar eit nytt dokument. Viss det ikkje er på, vert teksten vald etter opninga av dokumentet. Tabulatorrekkjefølgja bestemmer kva som er det første kontrollelementet i skjemaet.
Opnar den valde gruppa slik at du kan redigera dei enkelte objekta. Viss dei valde gruppene inneheld undergrupper kan du gjenta denne kommandoen på kvar av dei.
Oppgjev at du berre kan flytta objekta mellom rutenettpunkt.