LibreOffice 7.3 Hjelp
Denne menyen inneheld funksjonar du kan bruka til å endra innhaldet i det gjeldande dokumentet.
Angrar den siste kommandoen eller oppføringa du skreiv inn. For å velja kommandoen du vil angra, trykkjer du på pila ved angra-knappen på standardlinja.
Gjer om handlinga duangra sist. Trykk på pila rett ved Gjer om-knappen på standardlinja for å velja angra-steget du vil gjera om att.
Set innhaldet frå utklippstavla inn ved skrivemerket og byter ut vald tekst eller objekt. Trykk på pila ved sida av knappen for å velja format.
Set innhaldet i utklippstavla inn i den gjeldande fila i eit format som du kan velja sjølv.
Slår visinga av Søk-linja på slik at du kan søkje etter tekst eller flytte deg rundt i eit dokument ved hjelp av element.
Samanliknar dokumentet med eit anna. Innhaldet i det valde dokumentet vert markert som sletta i dialogvindauget som vert opna. Du kan setja innhaldet i den valde fila inn i det gjeldande dokumentet ved å velja dei sletta elementa som er relevante for deg. Dette vert gjort ved å trykkja Forkast først og så Set inn.
Importerer endringar som er gjort i kopiar av det same dokumentet inn i det originale dokumentet. Endringar som er gjort i botnteksten, toppteksten, rammer og felt vert ignorerte. Like endringar vert fletta automatisk.
Du kan endra eller fjerna lenkjer til eksterne filer i det gjeldande dokumentet. Du kan også oppdatera innhaldet i den gjeldande fila til slik det var sist ho vart lagra. Kommandoen gjeld ikkje for hyperlenkjer og er berre tilgjengeleg viss det gjeldande dokumentet inneheld lenkjer til andre filer.